George Smoot

George Fitzgerald Smoot III (fødd 20. februar 1945) er ein amerikansk astrofysikar og kosmolog. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2006 saman med John C. Mather. Dei mottok prisen for oppdaginga av den kosmiske mikrobølgjebakgrunnsstrålingens svartlekamform og anisotropi. Han fullførte sin Ph.D. ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i 1970 og har frå 1970 vore forskar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Smoot gjorde sine første forsøk på å måle temperaturskilnader i den kosmiske bakgrunnsstrålinga i 1976 og greidde da å bestemme farten til jorda gjennom bakgrunnsstrålinga ved hjelp av utstyr plassert i eit U2 rekognoseringsfly. Han vart seinare leiar for den delen av COBE-prosjektet som dreidde seg om å måle temperaturskilnader i den kosmiske bakgrunnsstrålinga. Smoot annonserte i 1992 at forskningsgruppa hans hadde greidd å måle temperaturvariasjonar i strålinga som hadde oppstått omtrent 400 000 år etter big bang. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 2006 saman med John C. Mather.


Developed by StudentB